Galaxy Band vart starta opp i 1977.
Vi var 4 gutter i 13 års alderen som ville prøve artist livet...
Den første besetninga var:

Narve Lied - gitar,sang
Tor-Ove Stenersen - bass,sang
Jon-Arne Lillebø - trommer
Sveinung Igesund - keyboard, sang





Sommaren 1980

Øvingane foregikk på et stort rom vi fekk disponere
i forretningsbygget til Jon-Arne's foreldre ( Ekko )
Vi vil rette ein stor takk til dei og den tolmodighet
dei hadde med tildels høgt lydnivå og dertil "ulyder".


Fra øvingslokalet på Ekko 1982

Den første betalte spelejobben kom på Bergshall i 1978.
Bergshall var datidens kino / dans / fest-lokale i Fosnavåg.
Gruppa som skulle spele vart forhindra,
og vi vart spurde om vi kunne stille opp.
Dette vart starten på Galaxy Bands glans tid.

Vi fekk mange speleoppdrag, og for snart vide omkring.
Frå Kristiansund i nord, til Førde i sør.
Aktiviteten var aukande for kvart år som gjekk.
Frank Lied kom inn i 1981 med gitar og sang.
Musikken vi spelte var av grupper som:
Eagels, Santana, Eric Clapton, Pink Floyd, o.l.
Utifrå dei kontraktene som vi har funne igjen
var nok åra 1981 og 82, dei mest aktive.

Fra 1981:   Frank - Narve - Jon-Arne - Tor-Ove - Sveinung

Sveinung hadde andre ambisjoner og slutta i 1982.
Han vart seinare med Bergens-gruppa Barbie Boones.
Og for dei som har følgt med i musikk bransjen
er også klar over at dei fikk Spelemannsprisen.

På slutten av 1983 vart det brått slutt for Galaxy Band
Karane måtte da inn for å utføre sin militære plikt.
Etter det vart det ei lang pause på over 10 år . . . .


MEN . . . så . . . .
I 1995 tromma vi sammen gjengen igjen
og Galaxy Band såg atter dagens lys.
Narve, Tor-Ove og Jon-Arne utjer i dag stamma i gruppa.

I 1997 begynte vi å øve på loftet til eit fabrikkbygg i Fosnavåg
der også Hytt & Pine Band, eit anna lokalt band hadde øvinger.
Etterkvart vart det litt slitsomt å drasse utstyret opp og ned
dei smale trappene i det 4 etasjer høge bygget.
So på vårparten i 1998 flytta begge gruppene utsyret til nye lokaler
No deler vi interesse, erfaringer og mykje kaffi i kjellaren til eit
forretningsbygg midt i Fosnavåg sentum.

Vi har fått gleden av å ha forskjellige musikere innom, vi nemner bl.a.:
Bjørn Brekke (keyboard, gitar, sang)og Trond Ihle (keyboard, sang).

I 1999 kom Maron Sandvik inn med gitar og sang.
I 2001 kom Paul-Sindre Tarberg inn med perkusjon, keyboard og sang.


2005:   Jon-Arne - Maron - Narve - Tor-Ove - Paul-Sindre

2005 registrerer vi bandet med eige org. nr.
Samtidig endrer vi skrivemåten på bandnavnet.

I staden for Galaxy Band i 2 ord, er no navnet:  

Ny bandbuss vart kjøpt i januar 2005... Vel, ny og ny...
Den har tidligere vore brukt av eit racingteam fra sørlandet.
Bussen var stort sett ferdig innredd. Med kjøkken, bad, oppholdsrom
og soveplasser. Etter litt modifikasjoner vart dette en ypperlig
buss til å bruke til og fra spelejobber... og andre turer.
Bussen vart solgt i januar 2007.


I perioden 1999 - 2006 hadde vi 5 gutta mange kjekke spelejobber rundt om.
Men å spele i band krever både tid og krefter.
På slutten av 2006 velger Maron og Paul-Sindre å bruke meir tid på
jobb, familie og andre sysler. Begge forlater derfor bandet mars 2007.


Etter ca. 3 år med relativt liten spilleaktivitet,
trommer gutta i gang igjen høsten 2009
Paul Sindre er også tilbake, så no skal det nok bli liv i leiren...

Vi har også byttet øvingslokale...
og er no tilbake i samme bygget der det hele startet for over 30 år siden..


Det var den forkorta utgaven av historia.
Vi kunne sikkert skrevet side opp og side ned,
men av hensyn til dei som skal lese dette
er det vel best å la det bli med dette.

No ligger framtida der og lurer . . . . . . .